mandag 22. juni 2015

Lena fra Les mye har et gjesteinnlegg om Marit Kaldhol

Lenge tenkte jeg på å snakke med Lena i Les Mye om et gjesteinnlegg på bloggen om Marit Kaldhol. jeg visste at hun hadde god kjennskap til forfatterskapet til Marit Kaldhol og i tillegg er god til å skrive. Men jeg måtte først spørre de andre i komiteen og de likte ideen, og så spurte jeg Lena om hun ville gjøre det og hun takket ja med en gang. Takk for at du tok deg tid Lena, midt i den travleste tiden for dere lærere. Her er hennes fine innlegg:


Ein allsidig forfattar

Juni er Marit Kaldhol sin månad, og fleire av bokbloggarane har vore med på å løfte fram forfattarskapen hennar. Gro her har vore særs flink, som har lese og skrive om fleire av det eg vil påstå er Kaldhol sine beste; Søkeord Ayotzintli - som tar for seg sjølvmord blant unge, Det var sol, vi skulle reise til Lodz, den nominerte romanen gir oss eit innblikk i rusmisbruk blant unge, og set fokus spesielt på korleis dei rundt misbrukaren opplever det. Darwins sporvar tar opp eit ømfintleg tema; Når det er mor som sviktar. I tillegg til dette har Kaldhol skrive dikt, drama, noveller, barnebøker, biletbøker og anna. Mykje meir anna. Ho er ein særs allsidig og produktiv forfattar. Med gjennomgåande sterke tema og intense tekstar i bøkene sine vil Kaldhol lesaren, røske opp lengst inni hjarterota og få oss til å tenkje. Reagere. Ho har greidd det hos fleire av oss, og det er derfor ho allereie har vunne fleire prisar og no har blitt nominert til Bokbloggerprisen 2014. Om ho vinn eller ikkje, får vi sjå i september. Uavhengig av dette, har ho sjansen til å vinne ein enda større pris i oktober. Ho er nemleg ein av 197 barnebokforfattarar som er nominert til ALMA-prisen (Astrid Lindgren Momorial Award) og premien er heile fem millionar svenske kroner. Vi heiar på Kaldhol!


Sterk historie

Eg hugsar så godt første gongen eg blei introdusert for ei av bøkene til Kaldhol. Det var, ikkje ulikt de fleste andre, den vakre og triste biletboka Farvel, Rune, som kom ut i 1986. Eg meiner eg ikkje var meir enn sju-åtte år da læreren las høgt og viste bilete frå den forferdelege og opprivande boka. Eg hadde aldri opplevd ei slik sorg på nært hald, heller ikkje å bli innlemma i det på den måten. Seinare lånte eg boka igjen og igjen ved biblioteket, tok ho med heim og gret - livredd for sjølv å miste min beste venn. Kritikken var blanda. Nokre var negative og meinte at eit tema av slikt kaliber ikkje hadde noko å gjere i ei biletbok for born, mens andre hadde sakna openheit om dette tunge temaet. I dag har Farvel, Rune lenge vore rekna som ein av dei store klassikarane i norsk barnelitteratur, og er obligatorisk pensum ved fleire lærarstudiar.


Det seife er kjedeleg

Kaldhol sjølv har sagt at lesaren treng sterke opplevingar for å vekke leselysta. Born og unge må bli tatt på alvor. Berre slik kan dei vekse og utvikle seg. Ho er ueinig i at det ikkje er så farleg kva dei les, berre dei les. Lettfordøyeleg litteratur utfordrar ikkje lesaren. Det som er interessant, er dei sterke og vanskelege historiene som river i kjenslene og vanskeleg let seg gløyme. Det seife er kjedeleg. Vi som kjenner til forfatterskapen hennar veit at ho skriv alt anna enn keisamt. Her kjem det meste fram i lyset, og det er ofte så ubehageleg og fælsleg at vi knapt held ut. Men nettopp derfor er det viktig at vi gjer akkurat det. Det poetiske, neddempa språket, det sagte og usagte mellom linjene er òg med på å styrke lesaropplevinga. Kaldhol er først og fremst lyrikar, og dette ser vi att i historiene hennar. Kaldhol sine tekstar blir lesne over heile verda, og dei fleste kritikarane hyllar ho for å våge å setje ord på vanskelege kjensler. Men av og til er det ein og annan som ikkje lar seg begeistre like mykje. I 2008 kom biletboka Stripekalven ut, og ein av kritikarane meinte at Kaldhol burde meldast til barnevernet for upassande sexinnhald. Sjølv fnyser ho berre av det. Og det med rette.


Lærar og mentor

Kaldhol er utdanna lærar og har arbeidd både i grunnskulen og vidaregåande. Ho var faktisk tilsett ved Fagerlia vidaregåande skule da eg gjekk der. Eg fekk dessverre ikkje gleda av å ha henne til norsklærar, men ei som deriomot nytta godt av det var ikkje ukjende Aina Basso. Ho gjekk musikklinja og har fortalt at Kaldhol gav ho verdifull hjelp på vegen. Basso var flink til å skrive og fekk alltid beste karakter, men det var ikkje før ho fekk kritikk som hjalp ho til å utvikle seg vidare. Kaldhol oppfordra henne mellom anna til å melde seg på eit manusseminar i regi av Samlaget, noko som gav henne ein forlagskontakt. Vidare fekk ho plass på sommarskrivekurs ved Skrivekunstakademiet i Bergen, men ho hadde problem med å finne ut kva ho skulle skrive om. Da foreslo Kaldhol at ho kunne prøve å bruke noko av det ho hadde studert, og bearbeide stoffet til ein roman. Og vips, så har Basso gitt ut fire historiske romanar. 


Ein verdig kandidat

Da eg arbeidde ved ein barne- og ungdomsskule for nokre år sidan, hadde eg ein kollega som heitte Kaldhol. Eg lurte på om han var i slekt med forfattaren, og han kunne fortelje at han var nevøen hennar. -Men korleis veit du kven tanta mi er, spurte han så. Det er da klart at eg veit kven Marit Kaldhol er. Tenk å ha ei tante som er litterær superstjerne utan å vere klar over det! Heldigvis er vi meir enn klar over det. Marit Kaldhol er utan tvil ein verdig kandidat til årets bokbloggerpris. Eg stemmer på henne. Gjer du?


Beste helsing,

Lena frå Les Mye



Kjelder

http://www.nyttiuka.no/default.aspx?menu=617&id=59388

https://no.wikipedia.org/wiki/Marit_Kaldhol

http://fabelaktigformidling.no/artikkel/tekstarkeologen

http://www.dagbladet.no/2008/12/20/kultur/litteratur/barneboker/barneombudet/4107458/

11 kommentarer:

  1. Utrolig godt innlegg av Lena, og all ære til deg, Gro, for å løfte frem denne forfatteren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Et veldig fint innlegg av Lena, hun har virkelig jobbet hardt. Og Kaldhol fortjener å bli løftet frem, og da er det moro å få så god hjelp av Lena :)

      Slett
  2. For et flott innlegg! :-) og klart vi vet hvem Kaldhol er, nå så!Jeg oppdaget henne ikke før i fjor men bedre seint enn aldri, og etter å ha lest fire romaner av henne er jeg like begeistret om ikke mer enn det jeg var etter første bok jeg leste ( Det skulle være sol...). Farvel Rune har jeg ikke fått lest ennå men skal selvsagt være på jakt etter den også!
    Så jeg stemmer for Kaldhol til folket, så absolutt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg er enig med deg Beathe. Jeg oppdaget heller ikke Kaldhol før i fjor og er mer begeistret nå enn hva jeg var i fjor etter å ha lest Det skulle være sol... Jeg har lånt Farvel Rune av Silje, så den skal leses denne uken.

      Fint du likte det fine innlegget til Lena :)

      Slett
  3. P.s det var meg, Beathe som la inn den anonyme meldingen.

    SvarSlett
  4. Tusen takk! Kjekt å bli spurt, og enda kjekkare at innlegget fall i smak. Heia Kaldhol!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg er så glad jeg spurte og for at du hadde tid Ann Helen! Det ble en veldig fin tekst og hurra for st du skrev på nynorsk! Og ja, vi heier på Kaldhol ;)

      Slett
  5. Jeg har ikke helt bestemt meg for om jeg heier på Kaldhol (ja, banning i kirka -), men Lodz er god - og Lena var god - og Gro du har virkelig løftet fram Kaldhol i Juni.
    Heia alle sammen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk og takk :) Jeg takker på vegne av Lena også, dette var et skikkelig fint innlegg i mitt bidrag til å få Kaldhol kjent blant alle bloggerne :)

      Slett
  6. Utrolig kjekt å lese innlegget om Kaldhol. Jeg har lest litt av henne i det siste, og setter stor pris på måten hun reflekterer og formidler på. Klart jeg heier på henne :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette innlegget fra Lena var veldig informativt og fint, er så glad for at hun ville skrive det. Og ja, vi heier på Kaldhol!

      Slett

Pause!

Jeg har lenge slitt med blogg-motivasjon, men nå må jeg ta en pause. Jeg leser bøker, men det er det å logge meg på og skrive en omtale som ...